Surnadal Røde Kors har funne seg ei god inntektskjelde – tomflasker og -boksar. – Vi har sett opp små containarar på sentrale plassar rundt omkring i kommunen. Her kan folk gje oss panteposen sin, og vi tek sortering og innleveringa – og får panten, seier leiar i Surnadal Røde Kors Reidar Brøske. Dette er kjærkoma inntekt for oss, og vi reknar med at vi i år får panteinntekter på rundt 50.000 kroner.
Dette har vorte skikkeleg populært tiltak – lettvint for folk som kan levere tomgods heile døgnet og som sagt kjærkoma inntektskjelde for oss. Vi har sett ut containarar på Skei, hos Esso og på Amfisentret, både på austre og vestre Nordmarka, i Folldalen, Vindøldalen og i Todalen. I Todalen står containaren like ved glascontaineren ved Matkroken L. Hals.
Vi tykkjer dette er ein god ide – der du blir kvitt tomgodset på ein lettvint måte, samtidig som du er med og hjelper Surnadal Røde Kors med økonomien – for hele inntekta går uavkorta til drifta i laget. Tomming av containarane og sortering skjer som frivillig og gratis innsats frå medlemane i Surnadal Røde Kors. Du kan lese meir om Surnadal Røde Kors på Driva.no.