Robotplenklipparen som forsvann frå den nedre parkeringsplassen på Haugen vegkryss onsdag ettermiddag, har kome til rette att. Politiet opplyser at robotklipparen vart observert sett frå seg, på same plass som den forsvann frå, i går ettermiddag.
Robotklipparen vart henta av politiet kort tid etter. Sikring av DNA og fingeravtrykk er no gjennomført, og robotklipparen vil bli levert eigaren i løpet av dagen, opplyser politiet.
Politiet takkar Todalen.no og observange vitne for at robotklipparen er funnen og saka løyst.