Hallagrenda er prega av fjøsbygging – og i dag var det Svorka Energi og De Laval som prega bybiletet mest. Flunkande ny mjølkerobot kom på plass i Austistufjøset i dag, rundt 1300 kg til ein verdi av nærare halvannen million – og med list og lempe kom den på plassen sin i fjøset, slik at Arve betten og Lars Ottar Lyhammar kunne starte sjølve monteringsarbeidet.

No pågår monteringa av utstyr for fullt – mjølkerobot, elektrikar, rørleggar, varslingsanlegg må på plass. Foto: Jon Olav Ørsal
Ute på plassen var det Svorka Energi som rånerte plassen – Vegard Mossing og Martin Røkkum var i ferd med å grave hol til nye pålar for strømtilførsel til nyfjøset. Råtne linjepålar skulle skiftast ut, og dermed vart det heilt ny linje inn til fjøset frå trafoen. I tillegg pågikk montering av nytt brannvarslingsanlegg og arbeidet med VVs-anlegget var kome i gang. Og det trengs, for nyfjøset skal være klart for innflytting i oktober!