Kvar tirsdag er ei gruppe rindalingar på tur i omlandet. Sist tirsdag var dei på tur i Todalen, med Jon Bruset som eminent turguide. Han guida dei frå Todalshaugen, opp gjennom Kvendsetdalen og ned om Romådalen igjen. I turfølgjet var dei totalt 18 stk, som fekk ein lang, men fin tur. Harald Egil Folden har laga sak frå turen til Trollheimsporten, og der ligg det mange fine bilder å sjå: http://www.trollheimsporten.no/tirsdagstur-til-todalen.5590125-137312.html
Tidlegare i sommar var så å seie samme gjengen på Rambjøra. Sjå sak og bilder frå den fine turen her:http://www.trollheimsporten.no/til-topps-i-todalen.5561728-151937.html
Neste gong dei er på tur oppfordres dei til også å sende eit turreferat til red@todalen.no.
Foto:Harald Egil Folden/Trollheimsporten