Surnadal demensforening og helselag inviterte eldre i Surnadal til nyttårsfest med underhaldning, musikk og dans; – det vart ein triveleg og sosial kveld.
Leiar i foreninga, Liv Botten, opna med å helse godt nytt år og ønske vel møtt til nyttårsfest på hotellet. På grunn av sjukdom var det dessverre mange som måtte ha meldt forfall til arrangementet i siste liten.
Surnadal demensforening og helselag var i utgangspunktet to foreiningar; – Surnadal helselag og Surnadal demensforening. Dei samla kreftene og slo seg saman i 2003, og no er det ei forening med god drift, stor aktivitet og mange arrangement som til dømes torsdagsdans og hyggekveldar på sjukeheimen.

Liv Botten overrekte blomster og retta stor takk til Johannes J. Vaag som har lagt ned stort og viktig arbeid for laget i over ein mannsalder. Foto: Dordi Jorunn Halle.
Historia starta med «Foreningen for frivillig sykepleie i Surendalen» som vart stifta rundt 1900, og i 1910 vart paraplyorganisiasjonen Nasjonalforeningen for folkehelsen oppstarta. To viktige arbeidsområde i dag er forskning på hjarte- og karsjukdommar og demens; årlege aksjonar er «Hopp for hjertet» og russens demensaksjon.
Etter kvart vart det servering av middag. På menyen stod kjøttkaker i brun saus med erterstuing; tradisjonell søndagsmiddag i «gamle dagar»! Dessert: karamellpudding med krem.
Innimellom var det dans og underhaldning. Mathias Kalvatsvik frå Eide undeheldt med trekkspelmusikk og song; ein livåt kar og dyktig trekksepelar. Retteleg gladmusikk! Han kjem att om eit år; det er berre å gle seg!
Holger Skei song viser og fortalde skrøner, artig! Eldrid Dyrset las dikt frå eiga diktsamling: «Minnes den første kulepenn». Her er det små dikt med artige poeng! Eldrid er fødd i Bærum og kunne fortelje at ho var Holmenkollen og såg på OL i 1952. Ho flytta til Nordmøre i 1972 og vart «gardkjerring» og med etter kvart fire ungar. Travle dagar, men litt tid til å skrive vart det.

Eldrid Dyrset las eigne dikt mellom anna eit med tittelen «Dans på tørkestativet». Foto: Dordi Jorunn Halle.
Styret i foreninga er: Liv Botten, Borghild Kvande, Nora Holten, Bente Mogstad, Bente Sylte, Hans Torslett, Mary Ann Foldens Fiske, Lilly Gunn Nyheim.
Til slutt var det loddsalg, og basarbordet bugna av gevinstar som var gåver frå næringslivet i kommunen. Loddsalget gav ei inntekt på 11 000 kroner.
Surnadal demensforening og helselag takkar for god støtte og velvilje frå næringslivet, frå loddkjøparar og støttespelarar!