Sjølv med spennande VM-dagar i Seefeld og mange norske medaljar var det stort oppmøte på Fredrikkekaffeen laurdag ettermiddag. Rett nok skal det seiast at somme kom etter at Therese og Ingvild hadde gått i mål på 3-mila. Bra at folk kan vera engasjerte i mange og ulike saker!
Dordi Fedje som kan det meste om handarbeid og er flink til å forklare, var på plass i Sanitetshuset. For dei som hadde lyst til å lære ein ny teknikk demonstrerte ho «dominostrikk» – ein artig strikkemåte med fine effektar. Denne teknikken, ein lappeteknikk, kan brukast til å lage fine teppe, sjal, gryteklutar, oppvask-klutar osb. Ja, på nettet kan ein finn oppskrifter både til genser og tøflar, og blir ein riktig ivrig, er det fleire bøker om emnet.
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/03/IMG_5461-1200x1119.jpg)
Slik kan ein klut i dominostrikk bli. Spesiell kant – det må vi få lære ein annan gong. Foto: Dordi J H
Men det var skikkeleg artig å prøve seg på dominostrikk, lettvint måte å lage fine lappar og få strikka dei saman. I tillegg til å vise dominostrikk hjelpte Dordi til med å gi gode råd og tips om strikking på basisplan – kjekt for underteikna i alle fall!
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/03/IMG_5464-1200x741.jpg)
Dordi har interesserte «elevar». Frå venstre: Dordi, Elinor, Jorunn, Synnøve, Sidsel. Foto: Dordi J H
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/03/IMG_5466-1200x833.jpg)
Full konsentrasjon om arbeidet og praten. Frå venstre: Jorunn, Margit, Randi, Ildri, Synnøve og Jenny.Foto: Dordi J H
Sjølvsagt var det fritt fram for å strikke vidare på både genserar, teppe og lestar eller brodere på bunadsselar som det hasta med å få ferdige, stor innsats og livleg prat!
Helen og Arndis serverte kjempegode kaffebrød og kaffe, og det var basarstemning med utlodding og mange gevinstar.
Heile 25 deltakarar på strikkekaffeen – riktig kjekt og triveleg arrangement!
![](https://todalen.no/wp-content/uploads/2019/03/IMG_5477-1200x1129.jpg)
Maria stilte med minst to handarbeidsprosjekt. Her viser ho fram eit broderi ho er i godt i gang med! Maria hadde med seg både mor, bestemor og oldemor på Fredrikkekaffe i dag! Foto: Dordi J H