Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Riktig godt fornøgd med sesongen!

Dordi Jorunn Halle Fredag 14. september 2018

Torsdag kveld var det sesongavslutning på Bordholmen for Knøttelaget i Todalen. Her var det berre blide fjes, og alle var godt fornøgde med fotballsesongen 2018!

Knøttelaget i Todalen il 2018. Fremst: Trygve Aleksander, Fredrik, Martine, Trym, Jakob, Jens Sancho, Attast: Anders, Ådne, Nathalie Astrid, Lisa, Niklas, Lars Ailo. Foto: Dordi J H

Her var det servering av heimelaga og god pizza som gjekk ned på høgkant, brus og is vart det også å få. Sjølvsagt var det innimellom også full aktivitet på banen med fotball og anna leik.

Ola Heggset Dalsegg er trenar for laget. Han er storfornøgd med laget sitt. Først og fremst var han glad for at alle ungane som starta på trening i vår, hadde vore med heile sesongen! Ungane er kjempegreie, ivrige og lydhøre. «Ein fin bukett med ungar», sa han. Han er glad for at foreldra stiller opp heile tida og er med på treningar og turneringar. Men han hadde ei oppfordring til foreldra: Det er viktig å knyte lissene på fotballskorne godt med dobbel blåknute! Trenaren hadde visstnok bruka mykje tid på å knyte skoreimer ……

Knøttelaget med gode støttespelarar: trenar, lagleiar, foreldre og søsken! Foto: Dordi J H

Knøttelaget har denne sesongen delteke på tre turneringar: Todalsdagen, SIL-regncup og Søyacupen – der hadde både dei unge fotballspelarane, trenar og foreldra storkosa seg!

Tre av spelarane skal neste år flytte opp ein aldersklasse, men Knøttelaget og trenaren satsar på ny sesong til våren og håpar på god rekruttering!

Kjekt med sesongavslutning og god severring. Foto: Dordi J H

Det er viktig både å spele fotball og kose seg! Foto: Dordi J H

Tid for is – full fart mot klubbhuset! Foto: Dordi J H

Knøttelaget i lag med lagleiar Bjørn Gunnar Ansnes og trenar Ola Heggset Dalsegg. Foto: Dordi J H

 

 

 

Publisert: 14. september 2018, 09:26