Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Riktig god trimøkt!

Dordi Jorunn Halle Måndag 11. mars 2019

Måndag 11. mars var det ny vri på Kløverturen i Todalen sanitetsforening – da var det invitert til innetrim i Sanitetshuset med fysioterapeut Ingrid Kvendset Ulset som instruktør.

Bortimot 20 trimmarar møtte opp, og dei fekk god instruksjon og veiledning av Ingrid. Her var det først oppvarming, deretter trening av balanse, styrke og koordinering. Ingrid forklarte at å ha god styrke i føtene er viktig for godt vaksne og eldre. Det gjer det lettare å utføre daglegdagse gjeremål og greie seg sjølv. Så her vart det trening både av leggmusklar, lårmusklar og setemusklar! I tillegg vart det også gode øvingar for mage og rygg. Det er lurt å øve på balanse før ein slit seg ut på styrketrening! Ikkje minst så var det artig og kjekt å trimme i lag på denne måten – god stemning i Sanitetshuset.

Velfortent pause etter trimøkta. Foto: Dordi J H

Trimprogrammet til Ingrid er slik at ein kan gjere det utan innfløkte hjelpemiddel og spesielt utstyr, dette er øvingar ein kan gjere heime – altså kvardagstrim! Ingrid oppfordra alle til å gjennomføre trimprogrammet minst to gonger i veka. Ho tok seg også god tid til å svare på spørsmål. Tusen takk til Ingrid for ei god føremiddagsøkt!

I tillegg er det sjølvsagt viktig å kome seg ut og gå tur. Men i dag var det glatte vegar att, så da var det lurt med innetrim. Det kan bli fleire slike trimøkter seinare, både for å repetere gode øvingar og inspirere til vidare innsats.

Etter trimøkta var det servering og god prat!

Neste måndag er det Kløvertur – da håpar vi at vinteren er på retur og at vegane er fri for is og snø!

Ikkje graut og bakels i dag! Sunn og god servering. Foto: Dordi J H

 

 

Publisert: 11. mars 2019, 15:51