For tredje året på rad arrangerte Rehabiliteringsavdelinga og Dagsenteret onnadag på tunet mellom Rehab og pensjonærbustadene. Veret vart riktig bra, og det vart eit yrande folkeliv med små og store i felles aktivitet og riktig triveleg samver. Det var berre blide og glade folk i alle aldrar å sjå!
For første gong hadde arrangørane gått ut med open invitasjon i avisene til alle interesserte, og spesielt inviterte var alle barnehageungane i kommunen og bebuarane ved dei kommunale institusjonane. Og det kom mykje folk, arrangørane var overvelda over oppslutninga.
Bebuarar og brukarar ved Rehab og Dagsenteret i lag med dei tilsette har jobba hardt for å få alt i stand til denne dagen. Dei har bryggja onnaøl som alle fekk ein smaksprøve av, det var riktig godt! Det var også til sals med fine etikettar på flaskene. Vidare har dei baka spansk landbrød, grovbrød med gulrot og nøtter, plukka ramslauk og laga urtesmør, koka rabarbrasylt, laga soplingar, strikka og hekla handarbeidsvarer – alt dette for salg! – og inntektene skal gå til ein betre uteplass. Vidare fortalde Gunnvor Liatun at ho hadde koka smørgraut, for sjølvsagt var det salg av graut og bakels, sveler med syltetøy og kaffe koka på svartkjel. Etter kvart kom det rømmegraut på bordet i kantina. Alt smaka fortreffeleg, og praten rundt borda gjekk lett.
Frå Skralthaugen var det kome eit par lass med gras, og hesjing vart det, unge og eldre i lag. Det vart instruert i hesjing – viktig å riste opp graset! Dei minste måtte løftast opp for å få legge graset på strengen. Men det vart litt dramatikk da endpålane gav etter, og hesja var i ferd med å rase saman. Heldigvis kom det raskt hjelp til og hesja vart berga.
Det var mange dyr på plassen, hestar, ponni, geiter, kaninar og søte kattungar – spesielt populært hos dei yngste.
Musikk og dans vart det, og. Surnadal sparebank hadde ordna med telt til musikarane, og dansarar frå Surnadal leikarring førte an i dansen. Musikken var det Oddmund Solem og Anders Moen på trekkspel og Fredrik Sjøflot på blokkfløyte som stod for. Det svinga bra, og mange trappa takten om føtene og balansen var slik at det ikkje var råd å trø dansen på vollen!
Arrangørane er svært glade for at dei møter så positiv velvilje frå alle dei spør om å hjelpe til eller stille med dyr og andre tenester. Dagen vart svært så vellykka, så dette er eit arrangement som er kome for å bli.
Litt fleire bilete frå ein god dag: