Det vart stor aktivitet og ein travel gjen vi trefte i Ungdomshuset i ettermiddag. Øvingane til julerevyen «Rikets tilstand», som går 3. juledag, er komen i sluttfasen, og det er stort sett finpuss som står att no. Vi tjuvkika litt på scenekanten medan øvingane pågikk, og det lover bra. Vi kan garantere mykje lun humor og artige innslag frå scena. Billettsalet ser også bra ut, men det er enno ledige billettar å få kjøpt på Matkroken Todalen.
Elles blir det og billettsal ved inngangen til begge forestillingane. Den første forestillinga startar 3. juløedag kl 15.00, medan hovudforestillinga startar kl 20. På siste forestillinga er sal av god mat og drikke, og etterpå blir det dans til Jo Sverre Sande. Det er fotballgruppa i Todalen idrettslag som er arrangør av årets julerevy – «Rikets tilstand».
Todalen idrettslag minner også om romjulsmarsjen som også går 3. juledag – her er det start mellom kl 12 og 15. Romjulsmarsjen går rundt bygda, med registrering og servering av gløgg på Sandstad og Bruset – her bys det på deltakarmedalje til alle som deltek, samt quiz og lotteri. Yr.no lovar godt vêr og fint føre, så her er det berre å hive seg rundt!