Kva gjer du når framande og innførte planter forvillar seg ut i naturen. Sist søndag inviterte Svinviks arboret til foredrag om akkurat dette temaet, og Dancan Halley sette fous på akkurat dette temaet når det gjelder Rhododendron. «Invasiv rhododendroni Norge – hybridisering, tilpasnin, utbrudd og tiltak» var tittelen på foredraget, og det høyrest vidløftig ut. Men enkelt sagt så dreier det seg om kva strategi ein kan ha og kva tiltak ein skal sette i verk for å hindre at rhododendron skal spreie seg ut i naturen.
I Svinviks arboret var dei tidleg ute med utplanting av forskjellige typar rhododendrong, dei første alt i 1930-åra og utover. Sjølvsagt er det nokre av disse som har formert seg og som har forvilla seg som rømlingar ut i naturen – i området frå Nordvik og innover til Hjellnes. Svinviks arboret har sett i gang eit prosjekt som skal registrere slike rømlinga og finne ein metode for å fjerne dei effektivt. Dette prosjektet kjem til å gå over fleire år – litt avhengig av om dei får tilgjengeleg midlar til å vidareføre prosjektet.
Difor er forskaren Duncan Halley ved NINA, Norsk institutt for naturforskning, engasjert i dette arbeidet. Han har erfaring frå Skottland og Irland, der prodblemet med slik spreiing er kome mykje lenger, da ein her starta med utplanting rhododendron på slutten av 1700-talet. Der har problemet eskalert, slik at ein har sore områder som er nedgrodd av rhododendron som har teke overhand. Dette gjeld spesielt ein variant som heiter Rhododendron brachycarpinn. denne varianten har spesielt lett for å hybridisere og tilpasse seg.
Katarina Wedelsbäck Bladh og Maja Frønes ved Svinviks arboret seier at folk ikkje må slutte å kjøpe og plante rhododendron. Tvert i mot så pyntar rhododendron fint opp i hagen til folk og vi må for all del glede oss over den flotte rhododendronblomstringa om våren. Men vi må passe på litt, slik at det ikkje blir for mange rømlingar – og at rømlingane ikkje for høve til å formere seg slik at det blir store bestandar ute i naturen. Dei trur det er rhododendron planta ut i omlag 70% av hagane i Norge. Dermed finns det nok mange hybridar og det er nok mange frå som sprer seg med vêr og vind. Det er difor viktig å starte arbeidet med å begrense spreiinga no, før det blir så alt for mykje planter som sprer seg ut i naturen.