Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Resultat på det jamne

Resultat på det jamne

Jon Olav Ørsal Sundag 19. september 2010

2010 blir eit normalår for sauedrifta, trur Kåre Øyen. Han sendte i overkant av 130 dyr på fjellet i vår, og etter eit par veker med saueleiting saknar han no berre 5-6 lam. Det reknar han som eit normalår og er godt nøgd når han ser kor store tap det er på andre sia av fjellet, i Innerdalen om områda omkring.

Brubakksauene har sommarbeite i området kring Snøfjellet og Bollknobben mot Kjerringa, og var nok forberedt på eit større tap enn dette. Gjennom dei siste åra har han nok hatt inntil 5 gonger så stort tap, da han ein sesong mista heile 25 dyr eller rettare sagt eit tap på 20 %.

Lamvekta ser også ut til å vere på det jamne, men det finns sjølvsagt både stort og smått i flokken som måndag skal på vekta for å registrere årets lamvekt.

Publisert: 19. september 2010, 15:50