5. runde i sjakken gikk i «utlendigheit» i Skulstuå, da Kaffekroken var okkupert av snekkarar og målarar sist søndagskveld. Men det gikk godt, og dei fann seg godt tilrette rundt langborda.
I gruppe B er det no Terje N. og Sigurd som leiar når det er to kampar att. Deretter, på tredjeplass i gruppe B, kjem Bernt med 7,5 poeng og tre kampar igjen. Elles kan vi nemne at Ståle og Kristoffer har fire kampar igjen – Ståle med 6,5 poeng og Kristoffer med 5 poeng. Vidare har Carsten 5,5 poeng med to kampar igjen, og Jo har 5 poeng med tre kampar igjen, så i denne gruppa kan store ting skje…..!
I gruppe A har alle to kampar igjen. Amund har 9,5 poeng, Brage 7,5 og Bjørn Gunnar 5,5 poeng – vidare står Ragnar, Arvid og Anders alle med 5 poeng kvar.