Surnadal kommune vil arrangere eit kurs i restaurering av gamle hus. Onsdag 7. mars kl 20.00 held dei orienteringsmøte om kurset på Kommunehuset i Surnadal. Det er rådgjevar ved Husasnotra, Jon Boyer Godal som vil orientere om kurset. Målgruppa for kurset er handverkarar/snekkarar som skal utføre arbeidet, søkjarar på SMIL-ordninga og andre eigarar og interesserte. Informasjonsmøtet onsdag 7.mars er desverre avlys pga sjukdom. Kjem att med ny dato seinare!
Målet for kurset er å heve kunnskapen om den rike bygningstradisjonen og -arven vi har på Indre Nordmøre, slik at vi kan ta vare på den på best muleg måte. Her finn du plakaten som PDF.
Er du interessert, så kan du melda deg på til møtet hos:
Mona Rosvold tlf 71655800/53 eller
Ragna Kvendset tlf 71655800/68