Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Repeterte trafikkreglar – stort engasjement

Jon Olav Ørsal Onsdag 12. februar 2025

Todalen Historielag inviterte tysdag kveld interesserte til å bli med på oppfrisking av trafikkreglane.  Trafikklærar Stine Arntsberg frå Trollheimen trafikkskole var innhyra som fagperson for å friske opp kunnskapen om korleis vi skal oppføre oss i trafikken. Ho klarte å engasjere deltakarane og det tok ikkje lang tid før temaet var rundkjøringer og spørsmål om korleis ein skal bruke blinklyset og korleis ein skal opptre i rundkjøringer med tanke på vikeplikt. 

Korleis kjører du i rundkøyringer og store vegkryss? Det var spørsmål som skapte engasjement. Foto Jon Olav Ørsal

 

Aukande trafikk har ført til at det settes større krav til sjåførane, og Stine kom i løpet av ein stor time inn på mange tema – mellom anna korleis ein skal handtere vikeplikta i eit vegkryss med forskjellig skilting.  Skilting av ymse slag var forresten eit eige tema, og Stine var enig i at det slett ikkje er berre enkelt å tyde og ta hensyn til mange av dei nye skilta og underskilta  som har kome etter kvart. 

Kaffepause – frå venstre Bjørn Halle, Solveig Glærum, Karen Johanne Talgø, Ola Bruset, Arndis Søyset og Magne Søyset. Foto Jon Olav Ørsal

Elles var handtering av viltulykker eit tema – rutinar for varsling av politi og korleis korrekt varsling mellom anna påverka eigenandelen på forsikringa.  I dei heile tatt vart det ein stor time med både trafikkreglar og gode råd for kjøring og opptreden i trafikken – og Stine fikk velfortjent applaus da ho runda av programmet og vi kunne ta ein velfortjent kaffepause med graut og bakels til kaffen. – Etter kaffepausen var det sett av tid til visning av historiske bilder. Skannerpatrulja som Ragnhild og Ingrid kallar seg viste gamle bilder med første bilane som kom til Todalen først på 1900-talet.  

Etter kaffepausen viste Skannerpatrulja, Ragnhild og Ingri gamle køyretøyhistoriske bilder frå historielagets arkiv. Frå venstre leiar John Moe, Ragnhild A. Moe og Ingri Bruset. Foto Jon Olav Ørsal

Leiar John Moe informerte om årsmøtet i Todalen Historielag som blir 25. mars kl 18:00.  På agendaen står vanlege årsmøtesaker, og etter årsmøtet er det kveldsmat og vidare kåseri av Torbjørn Brøske.  

Bakels og graut til kaffen slår aldri feil. Foto Jon Olav Ørsal

Først publisert: 12. februar 2025, 06:00 - Sist oppdatert: 11. februar 2025, 21:43