Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reparerer synkehol framfor butikken

Jon Olav Ørsal Torsdag 7. desember 2017

Det er nok mange som spekulerer på kvifor det er gravd opp eit stort og djupt hol i asfalten framfor Matkroken. Det har nemleg danna seg eit lite synkehol framfor butikken, og det har skjedd i samband med sammenkopling av avløp frå fleire takrenner og hovudavløpet som har eit knutepunkt der. 

Grunnvatnet og avløpet fra fleire takrenner skapte synkehol framfor butikken. Foto: Jon Olav Ørsal

Ein lekkasje i dette rørsystemet i kombinasjon med grunnvatnet har nok sakte men sikkert vaska ut grunnen. Og dermed ga grunnen etter i samband med snøbryting med traktør tidlegare i veka – det trur handelsmann Nordvik er hovudorsaka.  No ventar dei på rør og deler for å reparere dette før grøfta blir gravd att. 

 

Publisert: 7. desember 2017, 18:24