Det er nok mange som spekulerer på kvifor det er gravd opp eit stort og djupt hol i asfalten framfor Matkroken. Det har nemleg danna seg eit lite synkehol framfor butikken, og det har skjedd i samband med sammenkopling av avløp frå fleire takrenner og hovudavløpet som har eit knutepunkt der.
Ein lekkasje i dette rørsystemet i kombinasjon med grunnvatnet har nok sakte men sikkert vaska ut grunnen. Og dermed ga grunnen etter i samband med snøbryting med traktør tidlegare i veka – det trur handelsmann Nordvik er hovudorsaka. No ventar dei på rør og deler for å reparere dette før grøfta blir gravd att.