Torsdag morgon pågår det arbeid med å reparere rekkverket etter skaden som vart påført tidlegare i sommar. Det er Veidekke entreprør som utfører arbeidet, og dei er på plass med ein stor styrke, og med utstyr til å utbetre skaden og få opp nytt rekkverk.
Det er litt trangt om plassen forbi staden som ligg ved Bleikhammaren, mellom Svinvika og Nordvik. Det er skilta med fartreduksjon forbi staden og du blir oppfordra til å kjøre forsiktig forbi staden. Det er kanskje lurt å beregne litt ekstra tid dersom du skal på ferga eller kanskje doktertime!