I dag starta arbeidet med reparasjon av kyrkjemuren rundt Todalen kyrkjegard. Som vi har omtala tidlegare er det teleskade på muren og skade på grunn press frå røter på store tre som står ved muren. Dette er tungarbeid, og det meste av arbeidet må gjerast med handmakt.
Tadeusz Przespolewski (Ted) som har teke på seg dette arbeidet, og han har med seg svigerfaren og svigersønnen frå Polen på dette arbeidet. Dei har erfaring med slikt arbeid, og var godt i gang med arbeidet da vi stakk innom. Kårkallane Eivind Grønmyr og Gudmund Kvendset er også engasjerte som frivillige handtlangarar. Eivind var i full gang med kantkløpparaen for å få vegetasjonen unna, slik at muren «kom fram i dagen».
Der muren har fått skade måtte den plukkast heilt ned til grunnen og byggjast oppatt på nytt. Dei starta arbeidet ved hovudporten, og den første biten var alt ferdig, og har vorte «strank og strakjin». På same måten skal dei fortsette rundt heile muren – så langt pengane strekk til, fortel ragnar Halle som er ein av initiativtakarane saman med soknerådet.