Dei siste par dagane har det pågått grøftrens på Ansnesvegen – frå Todalsøra og utover til Ansnessaga og Ansneset etter kommunevegen. Det er Lars Arne Bøe frå Mesta i Surnadal som er leid inn av Surnadal kommune for å gjera denne jobben.

Vi fann Lars Arne Bøe bak spakene på gravemaskina som var leigd inn frå Mesta Surnadal. Foto Jon Olav Ørsal
Grøfterens og justering av vegskuldra har nok stor betydning for å få regnvatn og snøsmelting bort frå vegbanen. Etter at sagbruket vart nedlagt vart det nok mindre tungtrafikk etter Ansnesvegen, men det er nok viktig å drive vedlikehald på vegen.