Renoveringa ved Todalen Oppvekstsenter er i gang. Vaktmester Ola Bruset fortel at ein del har vore gjort så langt både inne og ute på området. Det er klargjort for støydemping mellom 1. og 2. etasje, heile sløydsalen som skal omgjerast til klasserom er rydda og det er teke hol på ytterveggen slik at det er klart til brakkene kjem.
Ellers har den som har ærend i barnehagen dagleg, sett at dei også har starta der. Det gamle uthuset deira er fjerna, for å sette opp eit nytt litt lengre ut mot Øyan. Dettte er tenkt både til oppbevaring og soveplass for dei som treng det. Fysisk stengsel i form av eit gjerde har vorte oppsett mellom barnehageområdet og ballbingen slik at barnehageungane ikkje skal inn på skulen sområde når elevane er ute. Men når elevane har time, får naturlegvis barnehageungane fri ferdsel til både sklier, ballbinge og husker, seier styrar i Todalen barnehage, Jorunn Nordvik. Og så har sommarvikar Astrid L Kvendset friska oppatt leveggar og gjerder med litt nye farger. Barnehageungane har også teke del i arbeidet, både med observasjonar, «tørking» av måling og snekkering med avkapp, fortel Jorunn.
Under er nokre bilder frå forandringane så langt. Alle foto ElinorB