Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Renovasjon avlyst, riving neste

Elinor Bolme Onsdag 3. september 2014

«Prosjekt Stuå» er no i full gang av ekteparet Steffi og Carsten. Dei såg fram til å starte med arbeidet, etter at dei tok steget og kjøpte husa i sommar, og gjorde for alvor todlingar av seg. Laurdag starta Carsten med innvendig riving for fullt, for å sjå korleis ståa var. Og den var definitivt langt verre enn dei først antok. Store deler av tømmerveggane verka i første augekast fine, men etter eit par kakk med brekkjarnet, viste det seg at her hadde både biller og husbukk teke for seg.

image

Tømmerveggen ser ganske bra ut ved første augekast.

image

Etter ein kakk smuldrar overflata bort, og støvet brer seg i rommet.

Carsten har no snart reve bort alt innvendig, og er rimeleg fortvila. Oppe på loftet høyrer vi godt husbukken som ståkar i tak og veggar, markmjølet legg som eit skoddelag i stua når han viser fram dei verste plassane. -Vi visste at husa ikkje var i den aller beste forfatning da vi valde å kjøpe. Litt må ein tåle av slike gamle hus meiner han, men ikkje riktig ille som det viser seg å vere her.

image

Tidleg i prossessen var tanken kun å renovere over tid som var plana, men no er statusen endra. Dei har allerede vore i kontakt med entreprenørar for renovasjon slik husa står i dag. Dette viser seg naturlegvis å bli veldig kostbart, samt at det er lang ventetid for nye prosjekt.

image

Bærebjelke i det gamle kjøkenet.

Dei fleste bærebjelkane over første etasje er delvis smuldra bort, og har nok for ei tid tilbake mista sin funksjon. Men også liggande laftveggar over det heile er sterkt angripe.

Ekteparet ser derfor ikkje anna rå enn snarast å søkje Surnadal kommune om lov til rive hovedhuset for å settje opp nytt.  -Fortvila, seier Carsten litt vemodig, men no har vi nå valgt å bli todalingar, så da får vi nå berre gjere det beste ut av det…

Husbukk

Ein av mange levande husbukk i Stuå.

 

 

Først publisert: 3. september 2014, 21:59 - Sist oppdatert: 12. januar 2017, 08:46