Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Renndato klar

Renndato klar

Elinor Bolme Torsdag 14. januar 2010

Som vi lovte, skulle todalen.no komme tilbake med informasjon om når Norsk skialpinisme skulle ha sitt treningsrenn på Kårvatn. Det er no vorte satt til søndag kl 9.00, og Gudmund Kårvatn håper at bygdafolk tek turen oppover for å vere publikum.

I følge landslagets eigne nettsider www.skialpinisme.no , er dette ein krevjande sport der konkurransen og inneber at deltakarane konkurrerer på tur oppover og. Dette stiller store krav både til utøvarar og ikkje minst utstyr. Så er nokon interesserte på om dette er ein sport for seg, er dette anledninga til å bli inspirert. Kanskje vi treffer dei att til neste år, men då som eit norgescuprenn på sjølvaste Skjerdingfjellet.

Først publisert: 14. januar 2010, 10:00 - Sist oppdatert: 30. desember 2010, 10:06