Ola Kvendset har starta siloslåtten rekordtidleg i år. Årsaka til at han er så tidleg ute er at han har eksperimentert litt og satsa på sortar og frøblandingar som er ekstra tidleg på bakgrunn av fjorårets vanskelege fôrsituasjon. Tørke gjorde da at Ola fekk berre ein brøkdel av avlinga i førsteslåtten. Da var det ein god 3.-slått og innkjøpt fôr som redda situasjonen.
No har han hausta eit par ekrer med raisvingel og ei med blanding av diverse sortar og mellom anna ein del hundgras. Desse blandingane veks fort, og ein av fordelane er at du får 4 avlingar. Prøvar å finne sortar som er konkurransedyktige mot ugras, slik at ein unngår mest mogleg av sprøytinga. Slike raske sortar kan ein for eksempel slå før dei kjem så langt at dei sett frø. Derasom ein unngår sprøyting vil ein få dobbel gevinst med at ein sparer dyre sprøytemidler og at ein får auka avling – sprøytemidlar hemmar nemleg veksten.