I påskehelga har det vore full aktivitet på Surnadal Golfklubb sin bane på Kvanne. Påskelaurdag var det rekordtidleg sesongstart med påskescramble. Medan det 2. påskedag var dugnad for å grøfte til kablar og å få på plass «hus» til dei nye robotklipparane som er bestilt.
Snart er det klart for installering av heile 18 klipperoboter rundt omkring på Surnadal Golfpark. Her ser vi eit av «hundehusa» som skal være ladestasjon til robotane.
Resultata frå påskescramblen og fleir bilder frå dugnadal finn du på Surnadal Golfklubb si eiga heimeside
Alle foto: Surnadal Golfklubb