Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Rekordkulde

Rekordkulde

Jon Olav Ørsal Fredag 8. januar 2010

Vi har fått rapport frå Jon Bruset om rekordkulde (siste 20 år) på Småhjellan torsdag. Da kraup kvikksølvet heilt ned til -22,3 grader, og det er det kaldaste han har registrert gjennom 20 år med målingar av maximum og minimumsteperaturar. Han skriv at det gjennom 20 år har vore 8 døger der temperaturen har vore under -20 grader.
Den gamle rekorden var frå januar 1996, da det vart registrert -22,1. I februar 2001 var temperaturen under -20 i tre dagar på rad og i februar 1997 er det månaden i perioden som har lågaste gjennomsnittstemperatur, med -7,2 for heile månaden.
Det varmaste døgret i perioden kom i 1995, med +14,9 grader, som er reisaste sommartemperaturen i samanlikning med temperaturen vi har hatt dei siste dagane.
Den kalde værtype fortsett, men temperaturen blir vel litt meir moderat. På yr.no finn du langtidsværet for Todalen ved å klikke her!

Først publisert: 8. januar 2010, 20:50 - Sist oppdatert: 9. januar 2010, 11:15