Det er heilt utruleg, sa leiar John Moe, da ha ønska over hundre deltakarar velkomne til boksleppet til Todalen historielag på Gammelfabrikken. – Det vitnar om at det er stor interesse for bygdehistoria, og at todalingane er flinke til å ta vare på historia si.
Det var det årlege boksleppet som var hovudposten, men programmet var krydra med både korsong, forteljingar og utstillingar i tillegg til utdeling av årsskrift som er knytt til medlemskapet og til sal.
Dordi Jorunn Halle presenterte det nye årsskriftet, og fortale om den lange prosessen med å få alt på plass, før det til slutt kunne presenterast på årets bokslepp. Dordi er leiar i skriftstyret, som i år har bestått av Sven Olav Svinvik, Wenche Ø. Kvendset og Maren Ansnes. Årsskriftet for 2018 er nr 17 i rekkja av årsskrift som er kome i lagets regi sidan 2002. Og det var mange som var «furkunn» på årets utgåve, for folk blada var fort opptekne av å bla i årsskriftet når dei fekk det i hende.
På programmet vidare stod forteljing og visesong med Per Reiten. Han fortalte historia om Anders Svensk og framførte ei vise om han – noko han kom godt ut av. Andes Svensk eller Anders Nilsson som han eigentleg heitte. Han kom som namnet tyder på frå Sverige, via Oppdal og bygde Ørsalgeilen og busette seg der, før han tok med seg familien og reiste vidare til Amerika. Visa hadde Per lært seg av bestemor da han satt i fanget hennar i gyngestolen.
Neste post på programmet var korsong med P17-koret, som er ei fortsetting av Todalskoret og Åsskard kyrkjekor, og som starta med «Vila vid denna kälda» av Karl Michal Bellman. Bernt Bøe er dirigent og musikalsk leiar for P17-koret som fortsette med «sommarvind på vågen», «Storelva på gulleiting», «Där björkarna susa», «Det skal bli godt…» før dei runda av med «Song til Todalen» som allsong.
Neste post på programmet var lysbildevisning med «skannerpatrulja». Ingri Bruset og Ragnhild A. Moe viste glimt frå minenes album som dei har samla inn frå folks fotoalbumar rundt bygda.
Heilt til slutt vart det runda av med ein lang kaffepause, der historielaget bydde på både kaffe, og bakels med graut. I tillegg var det smaksprøvar på dravle som det er oppskrift på i årsskriftet i 2018.
Bildeglimt frå boksleppet på Gammelfabrikken Alle foto: Jon Olav Ørsal