På elementavdelinga til Talgø MøreTre er det full trøkk om dagen. Denne veka rulla det inn ein rekordarta ordre på støyskjermar på nærare 11 millionar. I tillegg er det mange store ordrar som alt er i hamn og mange som er på gang, fortel driftsleiar Arne Rudningen ved Talgø MøreTre’s elementavdeling i Todalen.
Den store ordren på 11 millioner er støyskjermar til nye E6 mellom Klett og Melhus, og her blir det leveransar frå vårparten og fram til oktober/november. – I tillegg er vi inne på store prosjekt som Lyngården i Trondheim, der det er levering av fasadeelement for fleire millionar på gang. Vi jobbar med prestisjeprosjektet Follobanen, der det nok blir fleire anbudsrundar med støyskjermar og anna utstyr etter kvart som arbeidet kjem i gang for fullt.
Når vi først nemner jernbane så kan vi også nemne Kolsåsbanen i Oslo/Bærum, der mange haldeplassar no er oppgraderte med støyskjermar og MøreRoyal-produkt frå Talgø.
Hos Talgø MøreTre er ein i gang med opprustinga av produksjonsanlegget, der det før jul vart køyrt i gang eit nytt kappanlegg i elementfabrikken. – Her skal det også monterast nye jiggar for elementproduksjon i løpet av etterjulsvinteren, så her blir det nok fart på produksjonen etter kvart. Da er det godt å ha ein solid ordrereserve i ryggen, seier Rudningen.
Denne helga startar også messesesongen for Talgø MøreTre, og alt laurdag skal dei vise seg fram med nye produkt på messeområdet i Lillestrøm. Spennande tider altså, seier Rudningen til slutt.