Tysdag kveld var det rekordarta isforr ved Kårvatn. I elveløpet til Toåa er det heilt fullpakka av is, og Gudmund Kårvatn seier at han aldri har sett så mykje is i elva. Det danna seg ein ispropp i Hjellhølen, rett nedafor Kårvatn, og derfra innover til svingen ved Myrvang er elveløpet heilt fullpakka.
Vatnet og isen står opp til elvekanten ved butikken til Kårvatn Fjellutstyr, men det er foreløpig ingen fare for nokon skade ettersom vassføringa har gått ned etter at det slutta å regne, seier Gudmund Kårvatn. Det har imidlertid vore litt oppdemming, og det vatnet går oppi vegen like ved forskningsstasjonen på Bekkøya.
Det er imidlertid meldt meir nedbør på tampen av dagen, og det er litt spent om det blir regn til fjells. Blir det auka vassføring kan det bli litt problematisk ovafor isproppen i Hjellhølen. Det har også gått litt is nedafor isproppen, men det er ingen problem verken ved Storenghølen eller ved vassosen der vegen går ved elva.
Vi kjem nok til å følgje med på utviklinga dei næraste dagane seier Gudmund, som saman med resten av gjengen på Kårvatn Fjellutstyr har travle dagar med julehandel no i desember.