Til dels store nedbørsmengder sørga for skikkeleg fiskarelv dei siste par dagane – natt til søndag var toppen på vassføringa på 48 m3/sek, men minka for ned igjen på 20-talet på søndag ettermiddag. De to siste dagene vart det faktisk teke 11 laksar – dei to største på 9 og 10,5 kg medan resten var mellomlaks og smålaks.
Dette viser at det går opp bra med fisk i elva, når det berre blir litt vassføring. Totalt er det i år teke 45 laks og 18 sjøaure i Toåa – det er ein formiddabel nedgang frå i fjor da det vart teke 157 laks og 56 sjøaure. Det slår også ut på totalvekta som i år var 193 kg mot 558 kg i 2020. For sjøaure er tala tilsvarande 34 kg i år mot 95 kg i 2020. I 2020 var det god vassføring langt utover sesongen, da det var bra med snø i fjellet. I år var det lite snø i fjellet når vi passerte St. Hans, og ein fin og solrik sumar viser altså baksida av medalja som er lita vassføring.