Med rekordtidlig åpning kunne dagleg leiar og hans bakkemannskap i Surnadal Alpinsenter smile bredt i dag nå ungar og vaksne litt etter litt dukka opp til sesongåpning i slalombakken. Dagleg leiar Odd Rune Hoem og Lyder Bævre hadde det travelt inne i kiosken på formiddagen når dagskort og sesongkort skulle kjøpas og registseras av ivrige slalomkjørarar.
-Førehandssalget har eksplodert i år, vi runda fantastiske 350 000 kroner før åpning, smiler Hoem som tek seg tid til ein kjapp prat mellom slaga. Og dette til tross for reduksjon i prisen på sesongkorta denne sesongen.
Alle som hadde vore innom tidlegare i veka og alle som handla i dag fekk to gratis dagskort med på kjøpet. Ein hyggeleg gest som gjer at ein kan ta med ein venn eller kanskje bestemor på tur ved ei seinare anledning.
Heisen går så langt opp til mast 7, under Jopilen. Herifra er det meldt om fine kunstsnøforhold med ulike slalomelement i løypa. I tillegg er snowparken preppa for hopp og triksing for den som ønsker litt andre utfordringar.
Alpinbakken held denne sesongen ope mandag, onsdag og torsdag frå 18-21, og laurdag og søndag 11-16. Dei tilbyr både skiskole for nybegynnarar og utleie av utstyr til liten og stor. Les meir på heimesida deira: Surnadal Alpinsenter