Austistukyrne var onsdag på veg heim frå beite på Høyem. Turen gikk til fots, og med gjetarar i følget. Som vanleg måtte turen gå med ein omveg via Øyagrenda, for med metaldekket på Brusetbrua så nekter både krøter og sauer å gå over brua der.
Derfor går ruta nedover Brusetmelan og vidare til Øyabrua – og her er det ingen problem med å få krøtera til å gå over brua. Med Åshild i tet og krøtera på rekkje bar det strake vegen gjennom Øyagrenda og vidare over Øyabrua og heim til Austistua. Dersom Øyabrua hadde vore stengt hadde det vorte ein omveg via Halsabrua på mellom 4 og 5 km.