Mosjonsløpet «Ræta Opp» som første gong vart arrangert under todalsdagen 2012, og vart ein suksess med over hundre deltakarar. No er det på tide å teste forma til årets arrangement, for laurdag 29. juni får du sjangsen til å forbedre din eigen prestasjon frå i fjor. Løypa er den same som i fjor, med start på Bordholmen, og ein svipptur opp til toppen av Ræta. Så er det målgang på Bordholmen.

Primus motor for «Ræta Opp» er Ingvild Kårvatn, og ho fortel at inntekta frå løpet i år, som blir ein god slump med pengar, skal gå uavkorta til Foreningen for hjertesjuke barn i Møre og Romsdal. I fjo vard det rundt 15.000 som gikk til kreftramma born i fylket.
Du bestemmer farten sjølv denne dagen, men dersom du vil kjempe om løyperekorden på årets «Ræta Opp» så er den rundt 12 minutt, medan idealtida var 34 minutt. I alle fall setter vi stor pris på at du blir med!