Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reint og sølete på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 24. februar 2025

Møte med overivrige husmødre og spinnville leikeapekatter på kinolerretet i Surnadal denne veka. For å gjera unna gjengarane først. Det er framleis gode sjansar for å få med seg Kaptein Sabeltann og Bridget Jones på kvardagskveldane på kinoen denne veka.

STØV PÅ HJERNEN

Og for dei som vil ha «Støv på hjernen, er det berre å møte onsdag 26. februar klokka 12:00 når filmklubben sett opp denne klassikaren frå 1959. Den er faktisk den tredje mest besøkte norske kinofilmen gjennom tidene, og Filmklubben sett den no opp som eit hyggeleg gjensyn med kjente og kjære skodespelarar som Kari Diesen, Wenche Foss, Willie Hoel og Per Theodor Haugen, og ikkje minst den største filmstjerna på den tida, Inger Marie Andersen. I ei birolle møter ein også ein som særs mange sportsinteresserte hugsar, og da kanskje hugsar i overkant godt.

«Støv på hjernen» handlar om hustrua som har meir fokus på støv enn husbonden. Moralen i historia må nok merkast med «best før», eller med utgått haldbarheitsdato, men sjølve handlinga er lettbeint, diksjonen er krystallklar og stjernegalleriet som deltek er imponerande.

SPERMAGEDDON

Foto: 74 Entertainment, SF Studios

Den norske animasjonsfilmen «Spermageddon» ville nok fått eit tøft møte med filmsensuren i 1959. Men at den gjer det i 2025 er uansett noko uverkeleg, for den vil truleg ikkje bli vist i USA etter det politiske skiftet der. Regissør Tommy Wirkola trur ikkje dei får tak i ein distributør som tør sette den opp da den også streifar innom det ømtolege emnet abort. Filmens aldersgrense har, før nokon har sett den, også skapt noko debatt her til lands. Men distributør og Medietilsynet meiner 12-års-grense er rett.

«Spermageddon» handlar, som tittelen tilseier, om sædcellene Simen og Cumilla som lever i pungen til ein nerdete «Star Wars»-entusiast – og som har lyst til å bli skote ut, eller skal vi heller seie «inn», i ein galakse nær seg. Filmen har premiere fredag 28. februar.

THE MONKEY

Same dag kjem også «The monkey»  på Surnadal Kino. Det er ein splatterfilm – altså ein slags skrekkfilm der det gjerne blir mykje søl med ulike kroppsvæsker etter kvart som rollelista blir redusert grunna naturleg avgang. THE MONKEY er basert på ei gamal novelle av Stephen King, og det er vel over åtti filmar som er basert på romanar og noveller skrive av han.

«The monkey handlar om ei leikeape som ikkje er noko å leike med, for å seie det slik. Den einaste som har sett dei livsfarlege apestreka er NRK Filmpolitiet, som trillar ein 4-ar på terningen: «The monkey» er en kul, stilig og morsom hyllest til splatterfilmen med glimt i øyet», skriv dei, og så får vi for eigen del føye til at humor er så mangt.

Heile kino- og kulturprogrammet finn ein på surnadal-kulturhus.no

Publisert: 24. februar 2025, 07:10