Sør-Georgia i Sørishavet er eit eldorado forpingvin, sel og sjøfugl. Men etter at norske kvalfangarar sette ut ti reinsdyr for hundre år sia vart idyllen broten. Dei eksploderte i antal, har mesta øydelagt vegetasjonen på øya og skapa store problem for andre artar. Britane som har «overherredømme» på øya, ba om norsk hjelp for å få teke ut dyra, og i to omganger har norske skarpskyttarar frå Statens Naturoppsyn vore i sving. Tysdag 21. april kl 19.30 kjem Lars Olav Lund til Todalen ungdomshus for å halde lybildeforedrag om denne uvanlege jakta som han deltok i.
Reinen vart sett ut av norske kvalfangarar for 100 år sia, og etterkomarane heldt på å bringe øya inn i ein økologisk katastrofe. Dei norske skyttarane dro for å felle det dei trudde var tre og eit halvt tusen dyr. Det skulle vise seg å være mange fleir. Totalt vart det skote vel 6.600 dyr.
Lars Olav Lund har mange bilder og mykje å fortelje frå turen til Antarktis og Sør-Georgia. Arrangøren Todalen Idrettslag byr i tillegg på kaffe og nystekte bakels i pausen. Inngangsbiletten er kr 100.00.

Lars Olav Lund var også innom den gamle kvalfangststasjonen i Grytviken – den er no freda. På biletet ser vi ei gamal kvalfangsskute som ligg att i Grytviken. Foto: Lars Olav Lund