Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reine vårvêret i turstien

Jon Olav Ørsal Tysdag 25. februar 2025

Det er slett ikkje berre todalingar som går tur og trimmar i Toåa tursti.  Tysdag trefte vi denne gjengen som var på venninnetur og som hadde rusta seg ut med både kaffekanne og noko å bita i. Vêrgudane stilte seg sjølvsagt frå si beste side, slik at det var fint å rigge seg til ved gapahuken i Båthølen, som altså er ein del av Toåa tursti.

Dei hadde vore her før, og skulle gå vidare, og så skulle det bli kaffelag på returen. Registrering av StikkUT og Turar i Todalen skjer i Gunnøyskogen, der vegvisaren står.  

Svanene prisa også våren og kosa seg i sola. Foto Jon Olav Ørsal

Forresten så var det eit anna følge som også var ute på tur. Ti kvite svaner hadde slege leir eit stykke ovafor gampahuken. Der kosa dei seg i solvarmen og såg ut til å finne litt mat i form av nygrøe. Det er faktisk godt å oppleve at det går mot vår igjen!

 

Publisert: 25. februar 2025, 13:50