Tidleg på føremiddagen torsdag nærma fangstrapportane seg 10-talet med laksar som er komne på land i Toåa. Rekorden i år er det framleis Frank Haugrim som har med den 8,5 kgs laksen han tok berre minutter etter at laksefisket starta. I morgontimane i dag tok han like godt laks nr 2 som og var ein fin fisk på 5,5 kg – også den teken på flue i Hagan ved Bruset. det er ikkje rart anna enn at stemninga var god da vi besøkte Todalshytta i føremiddag.
Terje Lind var også i Hagan i morgontimane, landa like godt ein laks på 8,1 kg. Terje lind fortalte at han var i Toåa første gongen i 1970, og har sidan 1970-talet vore til og frå gjennom ei årrekkje, og har saman med kompisen Thor Lerstang tilhald på Todalshytta. – Han har imidlertid aldri hatt slik start som i år, med storlaks etter berre nokre få kast.
I tillegg var det fleire som tok på land fisk frå starten og utover natta – konkret veit vi at Bjørn Anthony tok ein på 5,5 kg og elles vart det teke fleire3 kg og oppover. I dag tidleg tok Rune Holtberget en på 7-8 kg ved Skogstad etter 4-5 kast. Den vart teken på mark, og han var borti på fleire kast før den endeleg satt skikkeleg fast på kroken.
Roar Lindbeck fikk også ein laks på kroken i Båthølen i morgontimane. Vekta viste 5,1 kg for laksen som vart teken på Møresild og som satt på kroken etter 8-10 kast. Roar tok laksen inn på grunna, og kampen var unnagjort ganske raskt.