Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reiersrud i storslag under konserten på Todalshytta

Jon Olav Ørsal Sundag 26. juli 2015

”Det regnar aldri på konsertar i Todalen, – det er berre å sette opp eit telt, så sluttar det”, sa Erik Malling da han introduserte Knut Reiersrud på scena på Todalshytta laurdag kveld. Regnet hølja nemleg ned ein liten halvtime før friluftskonserten starta, men før sceneteltet var ferdig montert var det igjen opplett.

KnutR_0790

Knut reiersrud fikk god kontakt med publikum under konserten på Todalshytta. Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

Det var ein Knut Reiersrud i storform som entra den improviserte scena framfor Todalshytta, der eit stort hundretals publikum hadde funne plass. – Han hadde brukt laurdagen på laksefiske i Toåa, men hadde ikkje fått eit einaste napp. Men han hadde treft mange hyggelege laksefiskarar og hatt ein triveleg dag i elva, og starta derfor underhaldninga med topplada batteri.

Knut er ein gitarist utan sidestykke, og musikkens han var ein fryd for øret bokstaveleg talt. Med variasjonar rolige gitarsoloar til soulrock med skikkeleg sving i. I løpet av dei to timane han var i aksjon var han innom folketonar, Prøysen og bluesrock frå club7-miljøet i gamle dagar. – Til og med Eivind Grovens gamle pausesignal på NRK var flott musikk på Reiersruds gitar.

Knut Reiersrud var i skikkeleg slag, det kunne vi merke både på musikken og på ”småpludringa” med publikum under konserten, og han avslørte seg som ein skikkeleg humorist som hadde overmåteleg godt lag med gitaren.

Konserten med Knut Reiersrud føyer seg godt inn i rekkja av konsertar av høg kvalitet, og Todalshytta er i ferd med å bli eit lokalt kultursenter som absolutt er å rekne med i toppdivisjonen.

Bildeglimt frå friluftskonserten framfor Todalshytta laurdag kveld.   Alle foto: Driva/Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 26. juli 2015, 10:00