Reidar Østvik har i påska separatutstilling på Stangvik aldersheim. Han vart inviterte til å lage utstilling på aldersheimen, og no er utstillinga med heile 60 bilde og måleri på plass. Alle gamle bilde og måleri i fellesromma er tekne ned og erstatta med bilde og måleri som Reidar har laga. Det har vore travle dagar med å få utstillinga på plass, og bebuarane har også fulgt godt med på det som har skjedd, fortel Reidar Østvik og aktivitør Borghild Talgø ved Stangvik Aldersheim.
Hensikten med utstillinga er både å skape ei begivenheit med liv og røre for bebuarane, samt å trekkje folk frå området for å kome og sjå. Som sagt er det heile 60 bilde som er plassert i inngangen, stua i 2. etasje og i korridorar.
Reidar og Reidun Østvik har no flytta til Todalen, og Reidar seier at han tek sikte på å arbeide meir med bilder i tida framover. Han er ivrig fotograf, men han er også dyktig med både pensel og blyant. Reidar er ledar i Surnadal kunstforening.
Ta turen til Stangvik aldersheim på kunstutstilling!