Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Reidar fikk oppleve naturmetoden…

Jon Olav Ørsal Tysdag 4. november 2014

Sist fredag hadde vi ei sak om kunstig befruktig av lakserogn, der Rossåa settefisk sikra seg gener for å vidareføre todalslaksens eigenskapar. Det skjedde i Stamlakshuset i Brusetmarka – og i kontrollerte former.  Men genene blir også vidareført i Toåa på denne tida – og ved bruk av naturmetoden. Det fikk nemleg Reidar Østvik og sonen Ragnar oppleve for ei vekes tid sia, – og det skjedde i nedre del av Raubekkhølen (ca 100 meter ovafor Hengebrua).

Gyting1_5700Hei, hva var dette 1

Her arbeides det med å få til gytegrop på elvebotnen. Foto: Reidar Østvik

Det var Ragnar Østvik som oppdaga kva som foregikk i elva da han kom forbi frå ein fjelltur. Det har den siste tida vore lita vassføring i elva, og fikk sjå at det var aktivitet i elva. Det var ein stor holaks (ca 7-8 kg trur Reidar) som dreiv og laga gytegrop, og ho var kurtisert av 2-3 hannlaksar som var betydeleg mindre.  Ragnar alarmerte faren Reidar, som kom med kamera, for å prøve å få bilder av dette.

Men alle som har prøvd å fotografere fisk i vatnet veit kor vanskeleg det er på grunn av lysbrytinga og refleksane som skapar vanskar. Men nokre bile vart det og det er relativt greit å sjå kva som foregår.

Om det blir noka resultat av dette får vi nok aldri greie på, men det er iallfall heilt sikkert at vi aldri får gentesta avkommet for å sjekke om det er ekte todalslaks eller om det er rømt oppdrettslaks som eventuelt blir foreldre til dette avkommet.  Men vi rettar i allfall ein takk til Reidar Østvik for bilda – og for historia, og ei artig oppleving var det heilt sikkert!

Gyting4_5741Snur seg for å sparke 4

Den store holaksen arbeider med gytegropa (uklart bilde) Foto: Reidar Østvik

Gyting3_5719Pisker gytegrop, ser stor kavaler 3

Det er vansleg å fotografere fisk i elva på grunn av lysbryting og refleks, men det viser tydeleg av det var ein stor holaks. Foto: Reidar Østvik

 

Publisert: 4. november 2014, 19:58