Det siste døgnet har regnet pøsa ned – det regna godt utover fredagen, og da vi var ute for å sjå på elva i 19.30-tida var elva i fyrhushølen, bak Gammelfabrikken, slik som på biletet på framsida. Da fikk vi ikkje inn data frå vassmålaren ovafor Storfossen. No i morgontimane er data frå målaren lagt ut, og da kan vi sjå at vassføringa på dette tidspunktet var temmeleg nøyaktig 75 m3/sek. I løpet av natta har det regna jamt og trutt…
Ved nedlasting av data laurdag kl 06.00 er det registrert vassføring på 92,5 m3/sek i Storfossen – toppen så langt vart nådd kl 04.45 da det vart målt 94,1 m3/sek. Da nærmer vi oss grensa for 10-årsflaum som for Storfossen er på 96,8 m3/sek.
No i morgontimane regnar det godt i Todalen, og elva er igjen stigande. Det virkar nok på vassføringa at lukene ved To-vatna er stengte, slik at alt overløp renn over dammen mot Todalen – og dermed forsterkar flaumen i Toåa. På yr.no meldes det framleis mykje regn, men etter vêrmeldinga vil det bli lettare vêr på søndag.