Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Region- og næringsutvalet i MR besøkte Surnadal

Jon Olav Ørsal Måndag 24. oktober 2016

Måndag var region- og næringsutvalet i Møre og Romsdal på visitt i Surnadal for å gjera seg litt kjent med kva kommunen har å by på av næringliv- og næringslivssatsing, der dei fekk informasjon av ordførar Lilly Gunn Nyheim, kommunalsjef Karin Halle, næringskonsulent Harald Bredesen og dagleg leiar Magne Løfaldli i SIV Inkubator.   Etterpå var det tid for å ta ein rask runde for å sjå på noko av næringslivet i Nedre Surnadal.

reg_naering_tt_5825

Region- og næringsutvalet gjorde seg kjent med næringslivet og satsingane i Surnadal. Foto: Jon Olav Ørsal

Først gikk turen til Surnadal Alpinsenter der Harald Bredesen orienterte.  Vidare bar det til MøreTre, der konsernsjef Terje Talgø orienterte både om Talgøkonsernets historikk, og litt om framtidvyene og MøreRoyal-satsinga til Talgø.

Deretter var det turen til Surnadal Hamn og Surnadal Hamneterminal, der Karin Halle tok utvalet med på omvisning og orientering om utbygginga av hamna. Til slutt var turen komen til besøk på PipeLife og omvisning på fabrikken der.

 

Først publisert: 24. oktober 2016, 20:53 - Sist oppdatert: 25. oktober 2016, 14:06