Eit par veker utan nemneverdig nedbør tærer hardt på grasmatta på Bordholmen stadion. Derfor fekk banekomiteen i kveld forsterkningar frå Todalen brannlag for å spe på med litt ekstra vatning.
Eit par timar med med den store brannpumpa og 4-5 slagar hjelper på, når kapasiteten er på rundt 600 l/min. Da skulle det bli ei skikkeleg rotbløyte og hindre at grasmatta blir svidd bort.
![Markus_Brannmann_0859_L](http://todalen.no/wp-content/uploads/2016/06/Markus_Brannmann_0859_L.jpg)
markus hjelpte til med vatninga på Bordholmen – og skal bli brannmann når han blir stor! Foto: Jon Olav Ørsal
Det er no berre 2 1/2 veke til Todalsdagen, og det bør nok bli grønt igjen før ein slepper 40 lag på banen med knøtte og lilleputtfotbal ein heil dag.