Ein av postane på programmet laurdag er ei realistisk redningsøvelse der det vil bli skredsøk med helikopter. Det er eit redningshelikopter fra 338-skvadron som kjem til Kårvatn for å gjennomføre øvinga, som vil foregå med topp moderne elektronisk utstyr som nyleg er montert i helikoptra.
Gudmund Kårvatn fortel at det skal simulerast eit ras øverst i Dalalia, der helikopteret vil søke etter elektroniske brikkar i kleda (Recco-brikkar) som det er meir og meir vanleg å sy inn i klede som vert bruka i fjellet.
Etterpå landar helikopteret på Kårvatn, og det vert da høve til å ta helikopteret nerare i øyesyn for publikum.