Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Realiserer ein draum – laurdag opnar Cafe Fyret

Jon Olav Ørsal Fredag 31. mai 2024

Laurdag 1. juni opnar Jan Eilert Pedersen og kona Celina Tafjord dørene til Cafe Fyret som ligg i 2. etasjen i Domusbygget – midt på Skei.  Da vi stakk innom ein snartur i dag var det meste på plass og Jan Eilert var i gang med å førebu maten til opningsmenyen.

I 2. etasjen på Domusbygget ligg Cafe Fyret – laurdag er det storstila opning. Foto Jon Olav Ørsal

Jan Eilert fortel at menyen på ein måte blir «back to basic» – han vil ta med det beste frå tidlegare drivarar – mellom anna foreldra Dan Roger og Ingrid som dreiv Cafe Dan fram til 2020.  Det vil seie at det blir både sildball, kjøtt & påsse, Chef-salat og mykje anna godt å finne på menyen.  -Vi må nok prøve oss fram litt og så får endringane kome litt om senn.

No gler vi oss til å kome i gang – Celina har sin siste arbeidsdag i dag, og kjem flyttande i dag. Vi føler oss trygge på at vi skal skape ein god atmosfære som får gjestane til å trivast, seier Jan Eilert. Foto Jon Olav Ørsal

Lokala og kjøkkenet er same gamle, men vi har pussa opp litt og skifta ut ein del av møblane, og gjort det lunt og triveleg i lokala.  Kafe-preget skal gjera at gjestane senkar skuldrane og koser seg med noko godt – kanskje saman med vener eller familie. Opningstida på Cafe Fyret blir måndag – fredag 9-18, og laurdag frå 10-16.  Vi reknar med at det blir meir trafikk når Sport Outlet opnar til hausten, så da må vi kanskje justere opningstida. 

Vi er også innstilt på at vi skal lytte på kundane og få folk til å trivast i lag med oss – vi må sjølvsagt tilpasse oss ønsker og ikkje minst nye trendar.  I starte blir vi 6 tilsette som skal drifte Cafe Fyret – men vi skulle så gjerne harr ein kokk til, seier Jan Eilert, men innrømmer at gode kokkar er vanskeleg å få tak i. 

Her har vi mjuka opp litt og satt inn ein sofa for betre sittekomfort. Foto Jon Olav Ørsal

No flyttar altså familien frå Averøya og busett seg i første omgang på Lunde – Jan Eilert og Celina skal samarbeide om å drifte Cafe Fyret.  Så får vi sjå korleis det blir vidare.  Jan Eilert og Celina gler seg til å realisere draumen om Cafe Fyret.  Den er nok godt planlagt etter å ha modna ei god stund før dei tok skrittet fullt ut, og sette i gang.  Vi ønsker iallfall lykke til og gler oss vi med!

Publisert: 31. mai 2024, 13:00