Partisekretær i AP, Raymond Johansen, besøkte Surnadal torsdag. Ordførar Mons Otnes og nokre lokale politiere tok han med på ein rundtur i Surnadal, og mellom anna stod MøreTre, Byggmakker og Hageland på besøksplana i tilleg til landbruksbesøk på Heggsetgjerdet og til slutt fotballskulen med Ole Gunnar Solskjær på Syltøran.

Johansen var imponert over satsinga som Talgø har gjort, og spesielt det nye Royalanlegget der han fikk eit innblikk i korleis produksjonprosessen foregår i det avanserte impregneringsanlegget som no er nærast i full drift.