Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Raus gåve til legesentret

Jon Olav Ørsal Fredag 20. desember 2024

Fredag morgon fekk dei tilsette på Surnadal legesenter ei skikkeleg overrasking frå Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank.  Styret i Sparebankstiftelsen troppa opp på legesentret med ei sjekk på over 900.000 som er øremerka til finansiering av eit ultralydapparat som gåve til legesentret.

Ultralydutstyr har lenge stått på ønskelista ved Surnadal legesenter, og vil være til stor hjelp for diagnostisering og moglegheit for raskare helsehjelp – i det heiletatt eit nyttig reiskap for legesentret som sjølvsagt var glade for å få ei slik overrasking og fin gåve. 

 

Sparebankstiftelsen Surnadal Sparebank er medlem i Todalen.no

 

Publisert: 20. desember 2024, 11:02