Med bakgrunn i at det er sendt ut raudt farevarsel for jord- og flaumskred som inkluderer Surnadal kommune, har deler av kriseleiinga i kommunen i dag hatt møte.
Varselet gjeld frå torsdag og fram til ut på dagen fredag. ein kan lese meir på: surnadal.kommune.no
Kommunen ber også folk om å følge med på oppdaterte varsel og råd på: varsom.no.
- Kommunen har iverksett førebyggande tiltak i tråd med situasjonen.