Rasområdet i Todalen er no friskmeldt av fjellsikringsteamet og arbeidet med å fjerne stein og tre fra vegen er godt i gang. Torsdag gav fjellsikrarane frå Betongrenovering klarsignal til at arbeidet med å lage ein kjørbar veg gjennom rasområdet til fylkesveg 671 til Todalen kan byrje skriv Vegvesenet i ei pressemelding.
Det er allerede sendt inn ei gravemaskin som har starta med arbeidet. På mandag vil det i tillegg bli satt inn ei større gravemaskin og ein borerigg som skal nyttast i sprengningsarbeidet.
Det er Mikkelsen Maskin og Vatn Maskinstasjon som skal rydde og gjenoppbyggje vegen. Dei to entreprenørane arbeider på oppdrag for Veidekke som er Statens vegvesens driftsentreprenør. I tillegg er Skogkompaniet inne med utstyr for å fjerne trær.
Så snart vegen er på plass, vil det bli satt opp et fanggjerde som skal holde is og stein borte fra vegen. Gjerdet vil bli ca. 6 meter høyt og gå parallelt med vegen langs rasområdet.