Det har i kveld gått eit ras i øvre del av Svinvikrunden. For den som er litt lokalkjent så har raset gått i området i området som kallast Langkleiva – mellom grinda og utsiktpunkteet mot Svinvika. Svinvikrunden blir no stengt, til situasjonen er avklart og vegen er rydda.
Sven Olav Svinvik fortel at det ser ut til å være kombinasjonen av regn og vind som er årsak til at raset har gått og at det kan være farleg å ferdast i området. Foreløpig har vi ikkje meir informasjon, men vi reknar med at ei får betre oversikt når det blir lysdag og trygt å ferdes i området.